Vi gjekk, men vi gjekk
ein altfor kort veg.
Og her lyser månen
på deg og på meg.
Trea står høge
attmed oss her.
Ingen veit nå
kvar du og eg er.
Langt bak skogen
står store fjell.
Himlen er høg
ein slik månekveld.
Men kva skal vi seie?
Kvar skal vi gå?
Vi står her og ser.
Vi står her nå.
Forfatter: Einar Økland