Det finst dikt

 

Det finst dikt om kua

dikt om reven

dikt om marihøna

dikt om snigelen

dikt om blomane

dikt om sola

dikt om graset

dikt om deg

 

Men ingen skriv dikt om

ostehøvelen

Han ligg nedi skuffa

og suttar på drøvelen

 

 

Forfatter: Hans Sande
Utgitt: Frå samlinga «Kyss ein bananfrosk!», Damm 1995.