Angande bilete

 

 

Ein stoggar opp midt i nattedimma

og lever i eit angande bilete.

Dogga på blågrøne syrinblad

brest og slepper seg mot jorda.

Kvit blomelukt

tvinnar

seg inn i ein.

I den svimlande blå natta

står ein undrande nær seg sjølv

og let freden eiga

eit lite bel

av det stadig hastande livet.

 

 

Forfatter: Sigbjørn Heie
Utgitt: Frå samlinga «Bilete», Gyldendal 1972.