Båten

 

Ein gammal båt

i ei gløymd vik.

Rusta naglar.

Flassa maling.

Nedsliten kjøl.

Knerodd,

men stø i vind.

 

Dette er båten for dei

som ein gong

måtte ro.

 

 

 

Forfatter: Sigbjørn Heie
Utgitt: Frå samlinga «Stillferdig landskap», Gyldendal, 1976