Desember

 

Sjå sol over blakke enger!

Desember har også lys.

Det spelar på sprøe strenger.

Fortel om alle som frys.

 

Sjå trea står nakne, svarte

mot skarpskorne himmelblånen.

Då opnar strålar så bjarte

ein gullveg opp i mot månen.

 

Vi står her så små og stille

og spør etter viktige svar.

Veit ikkje kva vi ville.

Veit ikkje kva vi har.

 

 

Forfatter: Sigbjørn Heie
Utgitt: Henta frå MelandJul, Meland Mållag, 1996