Haustsykling

 

Dei er ti år gamle

syklar i haustkvelden

og prøver dei nye lyktene

vinden syng i felgane

kastar gult lauv mot andleta

 

ein stad er heime

der ropar nokon

 

raude og sprengde av sykling

vender dei heim

er venta med kakao

og kveld i lune stover

 

står på trøna siste brekka

pustar inn på tunet

set syklane under uteljoset

hei her er me

 

 

 

Forfatter: Sigbjørn Heie
Utgitt: Henta frå samlinga «Sillferdig landskap», Gyldendal, 1976