Kvardagsunder

 

Olsen er ein gamal mann

i natt datt Olsen i gata:

            jaja kjem det ein bil

            so døyr eg

            eg får sitja stilt

            og syngja ein salme

            og setja mi lit til Gud

Bilen kom ikkje

Olsen reiste seg

kosta seg bak

takka Gud

og gjekk heim

 

 

 

Forfatter: Hans Sande
Utgitt: Frå samlinga «Strime», Samlaget 1970