Oh beibæ!

 

Kan aldri ha vore

riktig

kjære

i nokon, desse som

skriv, syng,

spelar

alle songane,

der dei brukar

oh baby

– beibæ –

heile tida,

i tid og i utid,

i hytt og i vêr

og alltid imellom

linjene, der dei tydeleg

manglar noko. Passar ikkje

 

i det heile tatt,

tenker eg, på ho

svære, tunge

eg veit.

 

 

Forfatter: Arnt Birkedal
Utgitt: Henta frå samlinga (og ho andre) dikt, draumar. Samlaget 1999.