Stoppar eg lyt reisa forbi (advent)

 

1

Lysa,

stovene

øvst i åssida, inst i

adventstida,

 

er tommare for

ekte-

menn no.

 

Det er grise blitt

i rekkene

kortreiste,

biologiske,

 

zoologiske

fedrar.

 

2

Eg ser henne stå

åleine

 

under

brevknivar,

kvasse

krossar

i avisa, der dei

andre står

par,

par.

 

3

Ho har integriteten

til ei sæterbu,

ei skogholtskoie.

 

Og fleire av lysa

øvst i åssida,

inst i adventstida

er hennar.

 

 

Forfatter: Arnt Birkedal
Utgitt: Henta frå samlinga «Geografi», Wigestrand forlag, 2016